Vindafjord kommune
Pedagogisk leiar i 100 % vikariat til Bjoa barnehage. Frå 01.08.2025 til og med 31.12.2025. Moglegheit for forlenging. Barnehagen har ein avdeling og har plass til 30 barn. Barnehagen ligg naturskjønt til med skog, sjø og fjell i nærområdet. Der er gapahauk og lavo i kort gåavstand.
Kva får du jobba med hos oss?
Me kan tilby:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Vikariat
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 01.06.2025
Tiltreding: 15.08.2025
Arbeidsstad: Bjoa barnehage
Kontaktpersonar:
Vågen oppvekstsenter/Bjoa barnehage: Harald Helberg
mob: +47 98673058
Vågen oppvekstsenter/Bjoa barnehage: Sofie Haugland
mob: +47 93400190
Heimeside:
Adresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen
Vindafjord kommune
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vindafjord kommune
Bjoa
June 01 ,2025