Alver kommune
Einingsleiar 100%
Frå 1/8-25 overtar sjukeheimstenesta ansvar for heildags omsorgsbustader på Manger og vi utvidar leiarteamet vårt. Velferdsenteret består av 38 plasser fordelt på korttidsplassar, langtidsplassar for somatisk sjuke pasienter, samt langtidsplasser for personar med demensssjukdom. Omsorgsbustad pluss ligg i samme bygg og har 21 bustader. 5 av desse er pr i dag brukt til avlastingsbustader.
Hovudansvar for dei ulike pasientgruppene samt personalansvar, fagansvar og HMS vil bli fordelt mellom to einingsleiarar ved avdelinga.
Avdelinga vil også ha ein fagansvarleg.
Tilsettgruppa vil bestå av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Som einingsleiar ved avdeling Velferdssenteret vil du ha moglegheit til å setje ditt preg på avdelinga og byggja eit godt fagleg og godt samansveisa team i trivelege omgjevnader.
Om sjukeheimstenesta i Alver kommune
Sjukeheimstenesta i Alver består av 6 sjukeheimar: Velferdsenteret, Lindås bu- og servicesenter, Såta bu- og Servicesenter, Meland Sjukeheim, Knarvik Sjukeheim, og Helsehuset. Frå 1/8 -25 overtar me også ansvaret for omsorgsbustad pluss på Manger og Ostereidet. Sjukeheimstenesta har totalt 205 sjukeheimsplassar fordelte på langtidsplassar, kortidsplasser, rehabiliteringsplassar og plassar til rulleranda avlasting.
Me har 49 omsorgsbustader pluss, og 5 av bustadene på Manger blir brukt til avlasting.
Me har eigne legar som er tilsett i sjukeheimstenesta. I tilegg er også kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.
Er du ein god rollemodell som kan bidra til å skapa eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø? Som leiar vil du ha heilskapleg ansvar for drift av avdelinga, under dette ansvaret for personal, HMS , fag og økonomi
Dine hovudoppgåver vil vera:
Vidare vil du arbeida systematisk med lokale arbeidsmiljøgrupper for å sikra eit godt partssamarbeid mellom leiar, vernetenesta og tillitsvalde, godt arbeidsmiljø og gode tenester. Me vil følgja opp verksemdsplanar og delta aktivt i utvikingsprosessar.
Kvalifikasjonskrav
Kven er du?
Me søkjer ein engasjerte og omsorgsfull leiar som brenn for trygg og god eldreomsorg. Du er ein inspirerande rollemodell som motiverer teamet ditt og fremjer dialog og samarbeid. Du har gode kommunikasjons og samarbeidsevner, og er ein trygge relasjonsbyggar. Som person er du løysingsorientert og du trivst i ein travel og tidvis uføreseieleg arbeidskvardag.
Du er ansvarsmedviten, stødig og lojal, med eit heilskapleg perspektiv på avdelinga og verksemda. Du deler og formidlar kunnskap på ein trygg og god måte, og har evna til å arbeida både sjølvstendig og i team. Ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande, positivt og raust arbeidsmiljø.
Me tilbyr
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om Alver kommune
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 6 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 205 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og omsorgsboligpluss organisert i sjukeheimstenesta.
Spørsmål om stillinga
Christina Løtveit Fosse
Tenesteleiar sjukeheim
+4740910884
[email protected]
Søknadsfrist: 9. juni 2025
Arbeidsgivar: Alver kommune
Kommune: Alver
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Velferdsenteret Manger, 5936 Manger
Del stillingen
Alver kommune
Manger
June 09 ,2025