Vestland fylkeskommune
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag.
Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på www.flora.vgs.no.
Frå 01.08.2025 har vi ledig stilling som lærar i teknologi- og industrifag. Søknadsfrist snarast.
Søknadsfrist: Snarast
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: FLORØ
Stillingstittel: Lærar i teknologi- og industrifag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4949929920
Arbeidsoppgåver
Undervisning i aktuelle programfag på VG1 teknologi- og industrifag og VG2 Industriteknologi etter behov.
Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Andre opplysningar:
For nærare informasjon om stillingsbehovet ta kontakt med avdelingsleiar Ole Hartvik Hennøy (tlf 918 72 726) eller rektor Lars Anders Nybu (tlf 415 30 604) Søknadsfrist snarast.
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 FLORØ, Norge
Kontaktinformasjon
Lars Anders Nybu
Rektor ( vikariat)
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tilbake til søketSøk her Tilbake til søketSøk herDel stillingen
Vestland fylkeskommune
Florø
July 04 ,2025