Volda kyrkjelege fellesråd
Volda kyrkjelege fellesråd
Volda kyrkjelege fellesråd har ledig stilling i Volda fellesrådsområdet
KYRKJETENAR – 80%
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 22.08.2025
Arbeidsgivar: Volda kyrkjelege fellesråd
Stad: VOLDA
Stillingstittel: Kyrkjetenar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4980686204
Kva vi ser etter
Den som vert tilsett må:
Vere praktisk og ha god teknisk innsikt
Ha erfaring frå bruk av lydanlegg
Ha god ordenssans og stor gjennomføringsevne
Kunne møte menneske i glede og sorg
Ha evne til jobbe både sjølvstendig og i team
Ha førarkort og disponere bil
Vere medlem av Den norske kyrkja
Arbeidsoppgåver
Alle praktiske oppgåver i samband med gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar. Vidare reinhald, diverse drifts- og vedlikehaldsoppgåver og ansvar for brannvern. Til vanleg har kyrkjetenar fri ei helg i månaden.
Vi tilbyr:
Godt stabsfellesskap
Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
Pensjonsordning i KLP
Hovudarbeidsplass er Volda kyrkje, med tilgang til kontorarbeidsplass på Volda kyrkjekontor. Kyrkjetenaren må rekne med å gjere teneste i dei fem andre kyrkjene våre innimellom. For å kunne utføre alle arbeidsoppgåvene i stillinga må søkjaren disponere bil. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Politiattest skal ligge føre før tilsetting. Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.
For nærare opplysningar ta kontakt med:
Kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549
eller via epost: [email protected]
Sjå òg heimesida vår www.volda.kyrkja.no
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via www.kirkejobb.no innan den 22.08.2025
Adresse:Rådhusgata 6a, 6100 VOLDA, Norge
Kontaktinformasjon
Jostein Stråbø, Kyrkjeverje
Telefon: +47 91663549
Om arbeidsgivaren
Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10960 ved årsskiftet og 8130 eller 74% av desse er medlem av Den norske kyrkja.
Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel.
Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.
Kommunen har seks sokn, Volda (5752), Hornindal (992),Dalsfjord (583), Kilsfjord (440), Austefjord (265) og Storfjorden (98), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.
Nettsted: https://www.volda.kyrkja.no
Facebook: https://www.facebook.com/Volda.Kyrkje
Del stillingen
Volda kyrkjelege fellesråd
Volda
August 22 ,2025