Ål kommune
Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlege sjukdomsteikn?
Vil du bidra i arbeidet med å aktivisere og stimulere pasientar til å hente ut sitt rehabiliteringspotensiale og få fram glede og trivsel i kvardagen? Pasientgruppa er variert med ulike diagnoser og behandlingsopplegg, der hovudmålet med opphaldet som regel er heimreise.
Me søkjer etter sjukepleiar til Gjestetunet, og me kan tilby stilling med fagleg utfordrande, varierte og spennande arbeidoppgåver.
Vi har ei svært varierande pasientgruppe med ulike behov og samansette diagnosar som gir rom for fagleg utvikling. Kommunen er i gong med utviklingsarbeid for å forbetre tenestene i møte med demografiske endringar. I samarbeid med dei tilsette jobbar med å ei meir robust oppgåvefordeling, fokus på førebygging, meistring og rehabilitering.
Arbeidsoppgåver sjukepleiar
Me ynskjer å jobbe med deg som
Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Hallinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Politiattest og søknad
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Skift/turnus
Søknadsfrist: 29.06.2025
Arbeidsstad: Gjestetunet
Kontaktpersonar:
Harald Haugen
Stilling: Avdelingsleiar
mob: 926 44 142
Heimeside:
Adresse:
Helsetunvegen 17 3570 Ål
Ål kommune
Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, fordelt på 12,6 årsverk.
Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med ein variert og spennande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslegen, som for øvrig er tilsett på fulltid.
Gjestetunet er kjenneteikna av god fagdekning og gode faglege tenester. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me må vere, og er, i stand til å handtere alt frå ufarlege infeksjonssjukdommar til livskritiske hendingar.
Del stillingen
Ål kommune
Ål
June 29 ,2025